Vedtekter

§ 1 Namn
Namnet på klubben er Giske Fotoklubb.

§ 2 Målet til klubben
Å gi medlemmene auka kunnskap om fotografi.
Å auke interessa for godt fotografi i lokalsamfunnet.


§ 3 Medlemskap
Alle som har betalt medlemskontingent er medlem av klubben.
Rettar som medlem har alle som har betalt kontingent.
Kontingenten vert fastsett av årsmøtet og gjeld for eitt år om gongen. Kontingenten skal betalast innan 30. januar. Ved innmelding etter 1. august betaler ein halv kontingent. Den som ikkje betaler kontingent eit år, vert stroken frå listene året etter.

§ 4 Styret

Styret skal bestå av fem personar: leiar, sekretær/nestleiar, kasserar og to styremedlemmer. Styret skal møtast minst fire gonger kvart år, og dessutan når minst ein styremedlem krev det. Styret er vedtaksført når minst tre av styremedlemmene er til stades.

§ 5 Oppgåvene til styret
Styret skal syte for den daglege drifta av klubben. Styret skal arbeide for å nå måla til klubben gjennom medlemsmøte med faglege foredrag, demonstrasjonar, konkurransar, utstillingar og fotoutflukter.

 

§ 6 Årsmøtet

Årsmøtet er høgaste myndigheit i klubben. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år seinast den 15. februar det påfølgjande året, og innkallast med minst to vekers varsel. Forslag som årsmøtet skal behandle, må vere styret i hende seinast tre veker før årsmøtet. Forslag skal vere skriftleg. Skriftleg innkalling til årsmøtet med årsmelding, rekneskap og innkomne forslag skal sendast til medlemmene seinast to veker før årsmøtet. Årsmøtet skal ta opp årsmelding, rekneskap, innkomne forslag, val og kontingent.
Rekneskapsåret varer frå 1. januar til 31. desember.

Val: : Alle styremedlemmar blir valde for to år av gangen. For å få kontinuitet i styret skal tre styremedlemmar veljast eitt år og to styremedlemmar veljast neste år. Leiar for styret veljast kvart år. Styret konstituerer seg sjølve med, nestleiar/sekretær, kasserar og styremedlemer. Ein revisor vert vald for eitt år.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det nødvendig, eller når minst 2/3 av medlemmene krev det. Møtet skal haldast innan to månader. Fristar og innkalling som ved ordinært årsmøte.


§ 8 Oppløysing
Forslag om oppløysing kan kome frå styret eller frå minst 2/3 av medlemmene. Forslaget skal behandlast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, og krev 2/3 fleirtal av medlemstalet for å bli vedtatt. Årsmøtet avgjer med simpelt fleirtal korleis eventuelle midlar skal brukast.

 

Vedtatt på Årsmøtet for 2012 og gjelder fra og med året 2013.